Skreve av Øyvind Snorre Grün Godø, dagleg leiar

Som biletet avslører. Peterstiftelsens nye daglege leiar er sunnmøring.
Etter nokre års engasjement i stiftelsen som «potet» har eg erfart at visjonen og arbeidet til Peterstiftelsen ligg tett mitt eige hjarte. Det var var derfor fleire grunner til å seie ja enn nei – til rolla som dagleg leiar.
Stiftelsen var i sine spede dager ein av pionerane innanfor norsk retreatarbeid. I dag er mange retreatstadar i Norge – og det er bra! Framleis håpar vi å kunne vere ein pioner. Retreatleder, veieder og inspirator, Filip Løvgren, stilte eit spørsmål til ei gruppe veiledere som var samla på Solåsen tidleg i februar; “Når dokke tenker på Peterstiftelsen, kva tenker dokke da på?” Lappen med “Teologi/hjerte” og “ungdom” vart spesielt trekt fram av veilederane.
Gjere arbeidet kjent – byggje større skare av fastgivere
Teologi/hjarte viser til Peterstiftelsen sitt fokus på å gå stadig djupare i det teologiske, men at ein aldri må gløyme hjartet sitt. Dette spesielt gjennom å hjelpe menneske til å fornye sitt eige bønneliv. Det teologiske arbeidet er mellom anna synleggjort i utviklinga av ein retreatskulemodul på nærare 10 temaer, og ikkje minst tidsskriftet Over Alt der årgangane er heilt tilbake til 1988 – men temene er framleis aktuelle å lese i dag.
Men sidan fokuset i stiftinga har vore å gå i djupna, har vi vore mindre gode på å bygge ein god givarskare rundt oss. Ein liten skare støttar oss økonomisk jamnt og trutt – takk til dokke alle. Ved å setje fokus på dette i år, håper vi at fleire vil tenkje seg å støtte oss. Ei av mine oppgåver er å skape ein meir berekraftig økonomi.
Spesielt i sommar, men også utanom, har vi derfor eit håp om å leie ut hovudhuset og gjesthusa på Solåsen Pilegrimsgård. Staden er perfekt for familier og venefamilier. Vi trur det kan vere vinn vinn. For oss sårt tiltrengte inntekter, medan mange fleire menneske kan få sjansen til å bli kjent med den unike staden Solåsen Pilegrimsgard er.