I sommar fekk me gleda av å vera frivillige husfolk på Solåsen pilegrimsgård. Me brukte ei veke av sommarferien vår på denne naturperla ved Oslofjorden.
For oss var det eit godt høve å få nokre stille dagar, kombinert med ferieliv i gode sommartemperaturar. Solåsen er ein fin, stille plass, med ein god fred, nydeleg utsikt og kort veg til sjøen. Men framfor alt er Solåsen ein retreatplass, og ber preg av dette, med klokketårnet på tunet, ikon på veggene, kapellet i skogkanten og god litteratur i bokhyllene. Me opplevde det som ei ære og eit privilegium å få lov å disponera plassen og få vera i dette fredelege miljøet nokre dagar og berre kjenna Guds fred senka seg over oss. Geir hadde stor glede av å gjera praktisk arbeid på uteområda, og han såg med ein gong at her var det nokre oppgåver å ta tak i. Grusvegen opp til Solåsen treng jo stadig vedlikehald; greinsaks og sag blei flittig brukt for å reinska opp rundt veg og stiar; og graset – ja det veks jo heile tida.
Spesiell markering
Klokketårnet som står på tunet blei brukt for å ringa til å ringa til tidebønn. Etter kvart kom me inn i ein rytme med å ringa morgon, midt på dagen og ved solnedgang. Det var så fint å sitta i glasstova og sjå sola gå sakte ned bak fjella i vest, og så avslutta dagen med kveldsbøn i kapellet. Noko som var spesielt dette året, var årsmarkeringa av terrorhandlingane den 22. juli, og kl. 12 denne dagen ringde me med klokkene i fem minutt, før me gjekk inn i kapellet og bad for dei overlevande og etterlatne. Gjennom dagane på Solåsen fekk me eit fint fellesskap med andre gjester som kom til gards, og med Charlotte som tok seg av innkvarteringa. Nokre gjester hadde gjort avtale på førehand, men det kom også folk opp som var på vandring langs kyststien, og som hadde behov for overnattng. Slik sett ber Solåsen pilegrimsgård namnet sitt med rette. Då me reiste frå Solåsen, var nye frivillige husfolk allereie på plass og tok over etter oss.
Takk for oss!
Helga og Geir Sakseid, Vigra.